Velkomen til Skuleholten på attraktive Kjørnes – eit moderne bustadprosjekt med gode solforhold og flott utsyn mot fjord og grøne omgjevnader.
Her får du ein smart og arealeffektiv leilegheit med stor hems som gir ekstra plass til både soveplass, kontor eller opphaldssone.
Bustaden får ei lys og open stove- og kjøkenløysing med utgang til terrasse, samt funksjonelle romløysingar tilpassa ein moderne kvardag. Leilegheita blir levert med tidsriktige overflater, moderne kjøkken og bad, og materialval som gir eit stilreint uttrykk og lågt vedlikehald.
Til bustaden høyrer carport og gode uteareal. Her bur du i eit roleg og familievennleg område med kort veg til sentrum, servicetilbod og flotte turområde i nærområdet.